Om Ullensvang frivilligsentral

Ullensvang frivilligsentral er ein kommunal eigd frivilligsentral etablert i 2013. Frivilligsentralen skal fyrst og fremst vera med å skape gode møteplassar i nærmiljøet. Ynskjer du kontakt med Frivilligsentralen; ta kontakt med Sigrid D. Dagestad (tlf: 53 67 15 46 eller mob: 476 14 476).

 

Frivilligsentralen er kort sagt ein møteplass som formidlar kontakt mellom folk i lokalmiljøet – nokon treng hjelp og andre ynskjer å hjelpa.

Frivilligsentralen er ein stad kor gleda over å bruka seg sjølv er den betalinga ein får.

  • Kan du tenkje deg å bruka litt av di tid saman med andre?
  • Ynskjer du å treffa nye folk?
  • Vil du vera med å setja dine og andre sine idear ut i livet?

 

Vil du melda deg som frivillig, eller kanskje du vil veta litt meir? Kontakt oss uansett! Kom gjerne inn til ein uforpliktande samtale. Oppmodar alle som kan tenkje seg å bidra til å ta kontakt med leiar på mobil eller per e-post.

 

Du finn oss også på facebook: www.facebook.com/ullensvangfrivilligsentral