Kategoriarkiv: Ymse

Fagdag for frivillighet

Korleis tek me vare på det gode som er, og korleis kan me saman utvikla frivilligheita i regionen vår?

Korleis ser framtidas behovsbilete ut, og korleis møter me det?

Frivillige, lag og organisasjonar, ordførarar, rådmenn, tilsette i kommunane, politikarar, styrer og tilsette i frivilligsentralane er HJARTELEG VELKOMNE TIL FAGDAG med fokus på samspel på tvers av sektorar og kommunegrenser.

Odd Einar Dørum tek oss inn i dagens tema før lokale, samfunnsengasjerte innleiarar delar sine tankar og idear. Kristin Kaldestad Urrang frå det nasjonale dugnadsprosjektet mot utanforskap og fattigdom «Alle med» deltek i tillegg til representantar frå Kommunenes Sentralforbund (KS) og Norges

Fagdag for frivillighet 8 mars 2018 PROGRAM

Innleiarar:

Odd Einar Dørum – Politikar og tidlegare statsråd
Roald Aga Haug – Ordførar i Odda
Jostein Eitreim – Dagleg leiar i Hardangerrådet
Olav Magnus Hammer – Styreleiar i Jondal Frivilligenstral
Arild McClellan Steine – Prosjektleiar Voss herad
Joakim Sørå – Eldsjel
Christian Hellevang – Rådgjevar i Kommunenes Sentralforbund
Kristin K. Urrang – Prosjektkoordinator i «Alle med»
Gunnar Skeie – Dagleg leiar i Sparebankstiftinga Hardanger
Gijs Mans – Organisasjonssekretær Norges Frivilligsentraler

Påmelding innan 1. mars via google-skjema eller til hege.boerve@ulvik.kommune.no  – mob: 400 07 120

Klikk her for å melde på: https://docs.google.com/forms/d/e/1FAIpQLSfNQiDhbjp7IjCuNREu0rTPBJtqn3MRndbxbxo8JuwErnCyEQ/viewform

 

Fagdagen er GRATIS, finansiert gjennom tilskot frå Sparebankstiftinga Hardanger

 

Om arrangøren:

Frivilligsentralane i Hardanger og Voss arbeider for å styrka frivillig arbeid i lokalmiljøa dei virkar i, fremja samarbeid og leggja til rette for vekst og samhandling. Nettverket består av frivilligsentralene i Odda, Ullensvang, Ulvik, Jondal, Voss og Kvam.

Datakafè på Kinsarvik bibliotek

«Få hjelp til det du lurer på når det gjelder data, Ipad eller mobil.»

 

Ingen spørsmål er for små eller store. Ta med deg data, Ipad eller mobil og få hjelp til det du lurer på, eller tips til generell bruk.

Du kan for eksempel lære korleis du kan nytta Ipad eller mobil til å lese værmelding, nyhende, sjå den du ringer til eller bruke Facebook.

 

Datakafè/workshop med Alexander Wiberg og Olav Riber:

 

  • Måndag 22. januar
  • Måndag 5. februar
  •  Måndag 19. februar
  • Måndag 5. mars
  • Måndag 19. mars

Kl. 14:30 – 16:00

 

Kvar torsdag frå 1. februar til 22. mars frå kl. 13.00 til 14.15 er det to ungdomskuleelevar på biblioteket som kan hjelpe og svare på spørsmål angåande data, Ipad eller mobil.

 

SPRÅKKAFÈ – oppstart 2018

Oppstart: Onsdag 24. januar 2018

Tid: kl. 14 – 15

Stad: Kinsarvik bibliotek

 

Språkkafé er eit samarbeid mellom Ullensvang bibliotek avd. Kinsarvik, flyktningtenesta, vaksenopplæringa og Ullensvang frivilligsentral.

Språkkafé er for deg som vil lære andre norsk. Og for deg som lærer norsk og ynskjer å prate norsk med andre. På språkkafé snakkar vi norsk saman over ein kopp te eller kaffi. Vi snakkar om ”laust og fast” – mat, reise, klima eller lokale forhold, for å nemne nokon eksempel.

 

Vi treng frivillige følgjande onsdagar frå kl. 14.00 – 15.00:

  • 24. januar
  • 07. februar
  • 21. februar utgår pga. vinterferie
  • 07. mars
  • 21. mars
  • 04. april
  • 18. april

 

Kan du tenke deg å bidra?

Ta kontakt med Sigrid Dagestad

Mob: 906 52 245 eller

E-post: sdag@ullensvang.herad.no