Kategoriarkiv: Informasjon

Ullensvang frivilligsentral

Ullensvang frivilligsentral er ein kommunal eigd frivilligsentral etablert i 2013. Frivilligsentralen skal fyrst og fremst vera med å skape gode møteplassar i nærmiljøet.

 

Frivilligsentralen er kort sagt ein møteplass som formidlar kontakt mellom folk i lokalmiljøet – nokon treng hjelp og andre ynskjer å hjelpa.

 

Ullensvang frivilligsentral har følgjande aktivitetar du kan ta del i:

  • Språkkafé
  • Strikkekafé – «Strikk med integrerte masker»
  • Datakafé
  • Senior sykling
  • Leksehjelp

 

Informasjon om dei ulike aktivitetane finn du her på heimesida – sjå under «NYASTE INNLEGG» til venstre  🙂

 

Ynskjer du kontakt med Frivilligsentralen? Ta kontakt med leiar Sigrid D. Dagestad:

Leiar takkar for seg!

Så er tida mi som leiar av Frivilligsentralen i Ullensvang over.

 

Takk til alle som bidrar og gjer ein innsats! Eg har møtt utruleg mange positive og spennande menneske i denne jobben!

 

Ny leiar er endå ikkje på plass, men eg håpar det kjem ein person snart! Dersom du har spørsmål om noko kan du fram til vi veit kven som tar over stillinga ta kontakt med styreleiar; Sigrid D. Dagestad på tlf. 53 67 15 46, eller senda ei melding på  facebook – sida til Frivilligsentralen.

Aktivitetar som er godt etablert vil fortsette utover hausten med god hjelp av frivillge, så følg med på heimesidene våre og Facebook!

 

Mvh Gertrud Korff

Referat etter årsmøte 2016

Frivilligsentralen årsmøte 2016

 

  1. Årsmelding 2015.

Gjennomgåing av årsmelding med hovudvekt på aktivitetar og samarbeid i 2015.

Det blei peika på at det er viktig at frivilligsentralen er for heile heradet og politikarane oppfordra til å engasjere seg på vestsida av fjorden og på Djønno og.

Leiar av frivilligsentralen tok opp ønskje om anna lokalisering som er meir sentral. Til dømes i den nye Fjordahallen.

 

  1. Informasjon frå ope brukarmøte 10.02.2016.

Referert frå møte som var og val av representantar til styre frå dei frivillige.

 

  1. Val og konstituering av styret.

Heradet sine representantar med personleg vara:

Kari Skare Storhei – Pleie og omsorg (Vara: Kåre Grønsnes – politikar)

Erika Alnæs – Biblioteksjef (Vara: Samson Hamre – politikar)

Sigrid Dagestad – Folkehelsekoordinator (Vara: Muayad A. Mohammed – prog.rådg. flyktningtenesta)

Frivillige sine representantar med personleg vara:

Kåre Ystanes – Kinsarvik pensjonistlag (Vara: Ingvild Hauso – 550)

Marta Soldal- Frivillig (Vara: Tone Granås – Frivillig)

 

Sigrid Dagestad tar over som styreleiar og Kåre Ystanes fortsett som nestleiar.

 

  1. Aktivitetar og planar for 2016.

Dei aktivitetane ein har i dag vil fortsetje med og vidareutvikla.

Leiar av frivilligsentralen ser for seg eit fokus framover på integrering, noko ein kan sjå igjen i samansettinga av det nye styret. Ein tenker mellom anna tettare samarbeid framover med biblioteket og flyktningtenesta.

 

Andre samarbeidspartar kan vere folkehelse, asylmottak, vaksenopplæringa, NAV og frivillige organisasjonar.

 

Ein tenkjer å starte opp med språkkafé`, “lån ein fjording” og flyktningven. Vidare vil ein laga ein “frivilligbank” der ein freistar å kartlegge, rekruttera og systematisere frivillige slik at ein kan nytte dei aktivt ved behov.

 

Politikarene nemnde på at dei ville utfordra representantane i kommunestyret til å melde seg til frivillig arbeid, til dømes “lån ein fjording”. Det kunne og bli aktuelt å invitera frivilligsentralen til eit kommunestyremøte for å gje informasjon om kva frivilligsentralen er og kva aktivitetar ein har.

 

Det er ei 50 % stilling knytt til frivilligsentralen og mange oppgåver ein kan byrja med, så det er ei utfordring og prioritera slik at ein får utnytta resursane best mogeleg. Ein ser for seg eit nytt engasjert styre og vonar at arbeidet framover vil generera fleire resursar og fleire aktivitetar.

 

Referent: Gertrud Korff, leiar av frivilligsentralen

Referat etter Ope møte for frivillige

IMG_1977

Referat etter –

Ope møte frivilligsentralen 10.februar 2016 i kantina i heradshuset

 

Referent: Gertrud Korff

 

16 personar møtte med styreleiar og leiar.

 

Styreleiar Liv Helleland ønska velkomen.

 

Leiar Gertrud Korff delte ut årsmeldinga og gjekk gjennom denne med vekt på kva aktivitetar ein hadde i 2015.

 

Det kom gode innspel undervegs som og gjekk inn i meiningsutveksling om kva ein tenkte kunne vera gode aktivitetar og fokus for frivilligsentralen framover. Mykje av dette fokuset handla om integrering av flyktningar i Ullensvang.

 

Det blei delt ut registreringsskjema for frivillige og gått igjennom kva som var meint med dei ymse kryssboksane på skjemaet – sjå vedlegg. Fleire fylte ut skjema og leverte det inn til leiar med kva dei kunne tenkje seg å stille opp med som frivillig.

 

Fleire av dei frammøtte var flyktningar som ikkje kunne så mykje norsk. For at ein skulle få meir tid til å forklara kva dei forskjellige punkta var meint som blei det gjort avtale om at Gertrud skulle komme opp på flyktningtenesta og informera dagen etter.

 

Det vart valt nye frivillige representantar til styret:

  • Kåre Ystanes – vara Ingvild Hauso
  • Marta Soldal – vara Tone Granås

 

Til slutt gjorde Torbjørn Reisæter ei oppsummering frå møtet og takka avtroppande leiar Liv Helleland for innsatsen dei 2 åra ho har vert styreleiar.

Årsmelding 2014

Årsmelding Ullensvang frivilligsentral 2014

Ullensvang frivilligsentral er eigd av og er for heile heradet. Møteplassar og aktivitetar vert sett i verk i samarbeid med lokale frivillige, lag og organisasjonar og offentlige etatar. Dagleg leier i 50 % stilling er Jorunn Sekse. Frivilligsentralen er leia av eit styre på fem medlemmer som er valt for to år. Tre medlemmer frå eigar og to medlemmer frå lag/organisasjonar. Alle styremedlemmer har ein personleg vara. Dagleg leiar er sekretær for styret.

Les meir om Årsmelding 2014