Kva er ein frivilligsentral

Frivilligsentralen er:

  • Ein møtestad som formidlar kontakt mellom menneskje i lokalmiljøet.
  • Ein stad å møtast; å dela med andre og få tilbake.
  • Ein stad der aktivitetane vert styrd av deg; av dine behov og engasjement.
  • Frivilligsentralen sine tenester skal ikkje erstatta det offentlege hjelpeapparatet, men gje ei hjelpande hand når det trengs. Dei frivillige har teieplikt. Tenesta er gratis for brukarane.

Kven kan vera frivillig?

  • Du som vil bruka fritida di til å hjelpa andre.
  • Du som har blitt pensjonist og tykkjer kvardagane har blitt litt lange.
  • Du som er ung og vil auka livserfaring di gjennom kontakt med andre menneskje.
  • Du som er arbeidssøkjar og ynskjer å gjere noko positivt medan ein søkjer jobb.
  • Du som ynskjer å vera eit medmenneske.

Døme på oppgåver:

  • Delta på :
    • Språkkafe
    • «Strikk med integrerte masker»
    • Datakafe
  • Instruktør ved sykkeltrening på Tunvoll trimstove
  • Kontaktperson for turgruppe eller turven
  • Besøksven
  • Hjelp til lekser og lesing

 

Kva er forventa av deg?

Kor mykje tid du vil bruka og kva du ynskjer å bidra med bestemmer du sjølv. Du inngår ingen langsiktig avtale – tykkjer du dette er gjevande, fortsett du.

Vil du melda deg som frivillig, eller kanskje du vil veta litt meir? Kontakt oss uansett! Kom gjerne inn til ein uforpliktande samtale.

 

Teieplikt

Alle dei frivillige Ullensvang frivilligsentral samarbeider med er underlagt teieplikt.