Alle innlegg av frivillig

Referat etter Ope møte for frivillige

IMG_1977

Referat etter –

Ope møte frivilligsentralen 10.februar 2016 i kantina i heradshuset

 

Referent: Gertrud Korff

 

16 personar møtte med styreleiar og leiar.

 

Styreleiar Liv Helleland ønska velkomen.

 

Leiar Gertrud Korff delte ut årsmeldinga og gjekk gjennom denne med vekt på kva aktivitetar ein hadde i 2015.

 

Det kom gode innspel undervegs som og gjekk inn i meiningsutveksling om kva ein tenkte kunne vera gode aktivitetar og fokus for frivilligsentralen framover. Mykje av dette fokuset handla om integrering av flyktningar i Ullensvang.

 

Det blei delt ut registreringsskjema for frivillige og gått igjennom kva som var meint med dei ymse kryssboksane på skjemaet – sjå vedlegg. Fleire fylte ut skjema og leverte det inn til leiar med kva dei kunne tenkje seg å stille opp med som frivillig.

 

Fleire av dei frammøtte var flyktningar som ikkje kunne så mykje norsk. For at ein skulle få meir tid til å forklara kva dei forskjellige punkta var meint som blei det gjort avtale om at Gertrud skulle komme opp på flyktningtenesta og informera dagen etter.

 

Det vart valt nye frivillige representantar til styret:

  • Kåre Ystanes – vara Ingvild Hauso
  • Marta Soldal – vara Tone Granås

 

Til slutt gjorde Torbjørn Reisæter ei oppsummering frå møtet og takka avtroppande leiar Liv Helleland for innsatsen dei 2 åra ho har vert styreleiar.

Ope møte for frivillige

Bilde til heimesida

Stad: Kantina på Heradshuset, Kinsarvik

Tid: Onsdag 10. februar 2016 –  kl. 18.00 til 20.00

 

Det er eit uforpliktende møte med informasjon, idè dugnad og forslag til korleis vi kan vidareutvikla frivilligsentralen med nye gode  tilbod for brukarar og frivillige.

 

Aktivitetar frivilligsentralen allereie har:

  • «Strikk med integrerte masker» – handarbeidskafè
  • Hjelpa til ved datakafè
  • Instruktør ved sykkeltrening på Tunvoll trimstove
  • Besøksven
  • Øvelseskøyring
  • Hjelp med praktiske oppgåver som: måking av snø, hagestell, handling mm

 

Døme på aktivitetar vi kan tenke oss å starte opp med: 

  • «Lån ein fjording» – samardeid biblioteket
  • Hjelp til lekser og lesing
  • Kontaktperson for turgruppe
  • Assistanse på organiserte arrangement
  • Mykje anna! Gode idear?

 

Vi ynskjer å kome saman og diskutera innspel. Høyres dette spanande ut? Kom å høyr meir i februar! Ingen vert bunde opp til faste gjeremål om dei ikkje ynskjer det.

 

Med venleg helsing

Gertrud Korff (leiar Ullensvang frivilligsentral)

Liv Helleland (styreleiar Ullensvang frivilligsentral)

Handarbeidskafè – strikk med integrerte masker

«Vi ynskjer å skapa ein møteplass for kvinner som er inkluderande uansett bakgrunn, kultur, religion og tradisjonar.»

 

Handarbeidskafè er eit samarbeid mellom frivilligsentralen, Kinsarvik bygdekvinnelga og flyktningtenesta i heradet. Målet er å skapa ein møteplass for kvinner – tilbodet er sosialiserande i form av aktivitet og språktrening for framandspråklege kvinner.

 

Oppstart: 30. august 2016

Dag og tid: Kvar tysdag kl. 11.00 til kl. 13.00

Stad: Frivilligsentralen Røysane, Kinsarvik

 

Ta med handarbeid om du ynsker, eller berre møt opp!

 

Seniorsykling

2_ny

Ullensvang frivilligsentral i samarbeid med frivillige startar opp med trening på sykkel for seniorar på Tunvold trimstove – Lofthus.

 

Oppstart: måndag 26. september 2016

Stad: Tunvoll trimstove

Tid: måndagar frå kl. 12.00 til kl. 13.00 (Merk tida!)

Kostnad med instruktør: kr. 50,-

Påmelding: Ingen, berre møt fram!

 

Er dette noko for deg? Møt opp og vær med !

Etter trening er det sosial samling på Mix kiosken.

 

Har du spørsmål?

Spinningansvarleg: Liv Helleland, mob: 97 14 12 00

Styreleiar av frivilligsentralen: Sigrid D. Dagestad, tlf: 53 67 15 46

Årsmelding 2014

Årsmelding Ullensvang frivilligsentral 2014

Ullensvang frivilligsentral er eigd av og er for heile heradet. Møteplassar og aktivitetar vert sett i verk i samarbeid med lokale frivillige, lag og organisasjonar og offentlige etatar. Dagleg leier i 50 % stilling er Jorunn Sekse. Frivilligsentralen er leia av eit styre på fem medlemmer som er valt for to år. Tre medlemmer frå eigar og to medlemmer frå lag/organisasjonar. Alle styremedlemmer har ein personleg vara. Dagleg leiar er sekretær for styret.

Les meir om Årsmelding 2014