Alle innlegg av frivillig

Datakafé på Kinsarvik bibliotek

Treng du litt hjelp med tekniske duppedittar?

 

Stad: Kinsarvik bibliotek

Dato: 25. september 2017

Tid: kl. 14.30 – 16.00

Påmelding innan 20.09.17 til:

 

Meir info også på biblioteket sine heimesider:

Datakafè

 

På biblioteket vert det fem kurs i grunnleggande datakunnskap i haust. Me vil gå gjennom grunnleggande ting som kan gjere det mykje lettare å forstå og bruka PC. Det blir workshop kor du kan få hjelp med problema du kanskje har, eller ting du ikkje forstår. Kursopplegget blir lagt opp til kursdeltakaranes nivå og derfor blir tema satt opp etter ønske og behov.

Ta med deg data, nettbrett eller telefon!

 

Eit samarbeid mellom: Kinsarvik pensjonistlag, Kinsarvik bibliotek og Ullensvang frivilligsentral

 

Senior sykling

Oppstart 25. september 2017

Stad: Tunvoll trimstove – Lofthus

Tid: Måndagar (to grupper)

Gruppe1 – kl. 10.30

Gruppe 2 – kl. 11.15

Kostnad med instruktør: kr. 50,-

Påmelding: Ingen, berre møt fram!

 

Er dette noko for deg?

Møt opp og vær med!

Etter trening er det sosial samling på Kompaen.

 

Har du spørsmål?

Ansvarleg for spinning: Liv Helleland, mob: 97 14 12 00

Frivillig– og folkehelse: Sigrid Dagestad, tlf: 53 67 15 46

 

Leksehjelp

Frivilligsentralen er på jakt etter frivillige som ynskjer å bidra som «leksehjelparar» for dei einslege mindreårige flyktningane busett i heradet.

 

Er dette noko for deg?

 

Leksehjelpa er tysdagar kl. 12.30 til kl. 14.00 (føl skuleruta) og er i  vaksenopplæringa sine lokal på asylmottaket/innvandrarsenteret.  Flyktningtenesta ved Linn Hege Bua (lærar) er tilstade med elevane, men kunne gjerne tenke seg å ha 1 – 2 frivillige med som «leksehjelparar». Det er ikkje avanserte lekser dei treng hjelp til – alle kan melde seg om dei tenker dette er noko for dei.

 

Har du lyst å bidra som frivillig? Gi meg ei tilbakemelding på sdag@ullensvang.herad.no eller mob: 476 14 476. Du vel sjølv om du kan stille 1 tysdag per månad, 2, 3 eller 4…….. Du står fritt til å hjelpa når det passer deg og vi er glad for den hjelpa du kan bidra med!

Språkkafè

SPRÅKKAFÈ – oppstart etter sommarferien

 

Onsdag 6. september 2017 kl. 13:00-14:30
 Biblioteket i Kinsarvik, Tjobergbygget 2. etg.

 

Vil du lære norsk, eller lære vekk norsk? Då er du hjarteleg velkommen til uformell samtale på biblioteket. Anna kvar veke er det Språkkafè! Vi stiller med kaffi, du stiller med prat.

NYE OG GAMLE FRIVILLIGE ER HJARTELEG VELKOMNE

Eit samarbeid mellom Ullensvang bibliotek avd Kinsarvik, Frivilligsentralen og Innvandrarsenteret i Kinsarvik.

Språkkafe vert følgande onsdagar:

  • 6. september
  • 20. september
  • 4. oktober
  • 18. oktober
  • 1. november
  • 15. november
  • 29. november
  • 13. desember

 

http://ullensvangbibliotek.no/aktivitet/sprakkafe/?instance_id=1597

 

Planlegging av hausten 2017!

Då er planlegginga av aktivitetar i regi av Frivilligsentralen i gang for hausten 2017.

DATAkafé på Kinsarvik bibliotek er planlagt følgjande onsdagar (kl. 17.00 – 18.30):

  • 27. sept
  • 11. okt
  • 25. okt
  • 8. nov

DATAkafé på Utne bibliotek kjem ein tilbake til dato for oppstart.

SPRÅKkafé på biblioteket er planlagt følgjande onsdagar (kl. 13.00 – 14.30):

  • 6. sept
  • 20. sept
  • 4. okt
  • 18. okt
  • 1. nov
  • 15. nov
  • 29. nov
  • 13. des

SPINNING – Senior sykling: Dato for oppstart kjem ein tilbake til.

STRIKK med integrerte masker: Oppstart tysdag 22. august. Held fram kvar tysdag frå kl. 11.00 til kl. 13.00. Føl skuleruta.

Bassengtrening for vaksne – Hauso: Dato for oppstart kjem ein tilbake til.

 

Kan du tenke deg å bidra som frivillig er det bare å ta kontakt med Sigrid Dagestad på tlf: 53 67 15 46 eller mob: 476 14 476 etter 07. august.

Ynskjer alle «nye og gamle» frivillige ein riktig god og solrik sommar!

Språkkafè

Språkkafe 2016

SPRÅKKAFE – eit samarbeid mellom frivilligsentralen, Ullensvang biblioteket avd. Kinsarvik, flyktningtenesta og vaksneopplæringa.

Stad: Kinsarvik bibliotek

Dato for samling og tidspunkt kjem vi tilbake til etter sommarferie! Gleder oss til å samarbeide med gamle og nye frivillige 🙂

«Språkkafe er for deg som vil lære andre nosk. Og for deg som lærar norsk og ynskjer å prate norsk med andre. På språkkafe snakkar vi norsk saman over ein kopp te eller kaffi. Vi snakkar om «laust og fast» – mat, reiser, klima eller lokale forhold for å nemne nokon eksepmel.»

Kan du tenke deg å bidra?

Ta kontakt med Sigrid Dagestad på tlf: 53 67 15 46 eller per e-post: sdag@ullensvang.herad.no

Språkkafè

Språkkafe 2016

SPRÅKKAFE – eit samarbeid mellom frivilligsentralen, Ullensvang biblioteket avd. Kinsarvik, flyktningtenesta og vaksneopplæringa.

 

Stad: Kinsarvik bibliotek

Tid: kl. 13.00 – 14.00

Datoar: 18. januar, 01. februar og 15. februar

 

«Språkkafe er for deg som vil lære andre nosk. Og for deg som lærar norsk og ynskjer å prate norsk med andre. På språkkafe snakkar vi norsk saman over ein kopp te eller kaffi. Vi snakkar om «laust og fast» – mat, reiser, klima eller lokale forhold for å nemne nokon eksepmel.»

 

Kan du tenke deg å bidra?

Ta kontakt med Sigrid Dagestad på tlf: 53 67 15 46 eller per e-post: sdag@ullensvang.herad.no

 

Oppstart SENIOR SYKLING

Bilde oppdatert plakat

SENIOR SYKLING starta opp att måndag 09. januar 2017!

 

Seniorsyklinga måndagar har no så mange deltakarar at treninga er delt i to grupper. Fyrste gruppa startar trening kl. 10.30, medan andre gruppa startar opp ca. kl. 11.15. Har du vore med på seniorsykling i år – veit du kva gruppe du høyrer til.

 

Er du ny eller det er ei stund sidan du har delteke er det berre å møte opp på  treningstidspunktet som passar best for deg. Begge gruppene har ledige plassar!

 

Stad: Tunvoll trimstove – Lofthus

Kostnad: kr. 50,-

Påmelding: Ingen, berre møt fram!

 

Etter trening er det samling på Mix kiosken!

Leiar takkar for seg!

Så er tida mi som leiar av Frivilligsentralen i Ullensvang over.

 

Takk til alle som bidrar og gjer ein innsats! Eg har møtt utruleg mange positive og spennande menneske i denne jobben!

 

Ny leiar er endå ikkje på plass, men eg håpar det kjem ein person snart! Dersom du har spørsmål om noko kan du fram til vi veit kven som tar over stillinga ta kontakt med styreleiar; Sigrid D. Dagestad på tlf. 53 67 15 46, eller senda ei melding på  facebook – sida til Frivilligsentralen.

Aktivitetar som er godt etablert vil fortsette utover hausten med god hjelp av frivillge, så følg med på heimesidene våre og Facebook!

 

Mvh Gertrud Korff

Referat etter årsmøte 2016

Frivilligsentralen årsmøte 2016

 

  1. Årsmelding 2015.

Gjennomgåing av årsmelding med hovudvekt på aktivitetar og samarbeid i 2015.

Det blei peika på at det er viktig at frivilligsentralen er for heile heradet og politikarane oppfordra til å engasjere seg på vestsida av fjorden og på Djønno og.

Leiar av frivilligsentralen tok opp ønskje om anna lokalisering som er meir sentral. Til dømes i den nye Fjordahallen.

 

  1. Informasjon frå ope brukarmøte 10.02.2016.

Referert frå møte som var og val av representantar til styre frå dei frivillige.

 

  1. Val og konstituering av styret.

Heradet sine representantar med personleg vara:

Kari Skare Storhei – Pleie og omsorg (Vara: Kåre Grønsnes – politikar)

Erika Alnæs – Biblioteksjef (Vara: Samson Hamre – politikar)

Sigrid Dagestad – Folkehelsekoordinator (Vara: Muayad A. Mohammed – prog.rådg. flyktningtenesta)

Frivillige sine representantar med personleg vara:

Kåre Ystanes – Kinsarvik pensjonistlag (Vara: Ingvild Hauso – 550)

Marta Soldal- Frivillig (Vara: Tone Granås – Frivillig)

 

Sigrid Dagestad tar over som styreleiar og Kåre Ystanes fortsett som nestleiar.

 

  1. Aktivitetar og planar for 2016.

Dei aktivitetane ein har i dag vil fortsetje med og vidareutvikla.

Leiar av frivilligsentralen ser for seg eit fokus framover på integrering, noko ein kan sjå igjen i samansettinga av det nye styret. Ein tenker mellom anna tettare samarbeid framover med biblioteket og flyktningtenesta.

 

Andre samarbeidspartar kan vere folkehelse, asylmottak, vaksenopplæringa, NAV og frivillige organisasjonar.

 

Ein tenkjer å starte opp med språkkafé`, “lån ein fjording” og flyktningven. Vidare vil ein laga ein “frivilligbank” der ein freistar å kartlegge, rekruttera og systematisere frivillige slik at ein kan nytte dei aktivt ved behov.

 

Politikarene nemnde på at dei ville utfordra representantane i kommunestyret til å melde seg til frivillig arbeid, til dømes “lån ein fjording”. Det kunne og bli aktuelt å invitera frivilligsentralen til eit kommunestyremøte for å gje informasjon om kva frivilligsentralen er og kva aktivitetar ein har.

 

Det er ei 50 % stilling knytt til frivilligsentralen og mange oppgåver ein kan byrja med, så det er ei utfordring og prioritera slik at ein får utnytta resursane best mogeleg. Ein ser for seg eit nytt engasjert styre og vonar at arbeidet framover vil generera fleire resursar og fleire aktivitetar.

 

Referent: Gertrud Korff, leiar av frivilligsentralen