Strikkekafé

Me håper på å få starte opp att med Strikkekafé i januar!

 

Liker du å strikke og skravle? Då bør du melda deg som frivillig til strikkekafeen vår! Me planlegg å starta opp att i januar, men er avhengig av å få med oss nokon fleire frivillige på laget.

Me samlast kvar tysdag kl 12 til 14 i Røysane 3 i Kinsarvik. Me strikker, skravlar og har det sosialt saman! Me har eit samarbeid med flyktningtenesta i heradet slik at det er fleire framandspråklege damer som kjem og øver på å snakke norsk over ein kopp kaffi.

Melder du deg som frivillig – seier du ja til  ein gong i månaden å ha ansvar for å lage kaffi klar og rydde etter Strikkekafeen. Saman med dei andre har du også eit ansvar for at alle blir inkludert i samtalen som går rundt bordet.

Er dette noko for deg? Send meg ein e-post på sdag@ullensvang.herad.no eller melding på 906 52 245.

Hadde vert kjekt om DU ville delta