Digitalt rettleiingstilbod for innbyggjarane i Ullensvang kommune

Ullensvang kommune har gjennom Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD) fått tilskot til å opprette eit rettleiingstilbod for innbyggarar som treng å betre sin digital kompetanse.

 

Frivilligsentralane Odda har utarbeida ei kursrekke i samråd med Jondal og Ullensvang frivilligsentral innan digital rettleiing. Elin Myran har prosjektansvar for gjennomføring av datakurs i 20 % stilllingsstorleik. Ho er også dagleg leiar ved Odda Frivilligsentral, og det er i lokala til Odda frivilligsentralen tilbodet vil vera no i fyrste omgang – men me poengterer at det er eit tilbod for alle innbyggjarane i dei tre kommunane.

“Tilskotet frå KMD skal bli brukt til å utarbeide eit felles digitalt rettleiingsstilbod for innbyggarane i Ullensvang kommune, bygge kompetanse innan digital rettleiing og pedagogisk formidling, samt nettverksbygging i regionen med mål om kompetanseoverføring og gjenbruk av modellen” – heiter det i søknad.

 

Kvar tysdag kan du som bur i Jondal, Odda og Ullensvang delta på datakurs innanfor ulike tema på Odda frivilligsentral.

Alle kurs på tysdagar krev påmelding på førehand. Torsdagar er det drop-inn – då er det berre å møte opp for å få hjelp til det du ynskjer innan data.

Påmelding:

  • E-post: frivillig@odda.kommune.no
  • Mob: 975 58 505 / 412 94 162

På frivilligsentralen i Odda har dei nettbrett til utlån på kursdagar, og du kan prøva dei fritt når dei har drop-in data hjlep på torsdagar.

Gjenståande kurs i 2018:

  • Tysdag 20. november kl. 12.00 – 15.00. Kurs: Grunnleggjande bruk av nettbrett
  • Torsdag 22. november kl. 10.00 – 13.00. Drop-in datahjelp
  • Tysdag 27. november kl. 12.00 – 15.00. Kurs: E-post
  • Torsdag 29. november kl. 10.00 – 13.00. Drop-in datahjelp
  • Tysdag 4. desember kl. 12.00 – 15.00. Kurs: Grunnleggjande bruk av nettbrett
  • Torsdag 6. desember kl. 10.00 – 13.00. Drop-in datahjelp
  • Tysdag 11. desember kl. 12.00 – 15.00. Kurs: Sosiale media
  • Torsdag 13. desember kl. 10.00 – 13.00. Drop-in datahjelp
  • Tysdag 18. desember kl. 12.00 – 15.00. Kurs: Repitisjon av innmelde tema
  • Torsdag 20. desember kl. 10.00 – 13.00. Drop-in datahjelp

Velkomen!

 

Flyer Digital kurs – pdf