Fagdag for frivillighet

Korleis tek me vare på det gode som er, og korleis kan me saman utvikla frivilligheita i regionen vår?

Korleis ser framtidas behovsbilete ut, og korleis møter me det?

Frivillige, lag og organisasjonar, ordførarar, rådmenn, tilsette i kommunane, politikarar, styrer og tilsette i frivilligsentralane er HJARTELEG VELKOMNE TIL FAGDAG med fokus på samspel på tvers av sektorar og kommunegrenser.

Odd Einar Dørum tek oss inn i dagens tema før lokale, samfunnsengasjerte innleiarar delar sine tankar og idear. Kristin Kaldestad Urrang frå det nasjonale dugnadsprosjektet mot utanforskap og fattigdom «Alle med» deltek i tillegg til representantar frå Kommunenes Sentralforbund (KS) og Norges

Fagdag for frivillighet 8 mars 2018 PROGRAM

Innleiarar:

Odd Einar Dørum – Politikar og tidlegare statsråd
Roald Aga Haug – Ordførar i Odda
Jostein Eitreim – Dagleg leiar i Hardangerrådet
Olav Magnus Hammer – Styreleiar i Jondal Frivilligenstral
Arild McClellan Steine – Prosjektleiar Voss herad
Joakim Sørå – Eldsjel
Christian Hellevang – Rådgjevar i Kommunenes Sentralforbund
Kristin K. Urrang – Prosjektkoordinator i «Alle med»
Gunnar Skeie – Dagleg leiar i Sparebankstiftinga Hardanger
Gijs Mans – Organisasjonssekretær Norges Frivilligsentraler

Påmelding innan 1. mars via google-skjema eller til hege.boerve@ulvik.kommune.no  – mob: 400 07 120

Klikk her for å melde på: https://docs.google.com/forms/d/e/1FAIpQLSfNQiDhbjp7IjCuNREu0rTPBJtqn3MRndbxbxo8JuwErnCyEQ/viewform

 

Fagdagen er GRATIS, finansiert gjennom tilskot frå Sparebankstiftinga Hardanger

 

Om arrangøren:

Frivilligsentralane i Hardanger og Voss arbeider for å styrka frivillig arbeid i lokalmiljøa dei virkar i, fremja samarbeid og leggja til rette for vekst og samhandling. Nettverket består av frivilligsentralene i Odda, Ullensvang, Ulvik, Jondal, Voss og Kvam.