Leksehjelp

Frivilligsentralen er på jakt etter frivillige som ynskjer å bidra som «leksehjelparar» for dei einslege mindreårige flyktningane busett i heradet.

 

Er dette noko for deg?

 

Leksehjelpa er tysdagar kl. 12.30 til kl. 14.00 (føl skuleruta) og er i  vaksenopplæringa sine lokal på asylmottaket/innvandrarsenteret.  Flyktningtenesta ved Linn Hege Bua (lærar) er tilstade med elevane, men kunne gjerne tenke seg å ha 1 – 2 frivillige med som «leksehjelparar». Det er ikkje avanserte lekser dei treng hjelp til – alle kan melde seg om dei tenker dette er noko for dei.

 

Har du lyst å bidra som frivillig? Gi meg ei tilbakemelding på sdag@ullensvang.herad.no eller mob: 476 14 476. Du vel sjølv om du kan stille 1 tysdag per månad, 2, 3 eller 4…….. Du står fritt til å hjelpa når det passer deg og vi er glad for den hjelpa du kan bidra med!