Ullensvang frivilligsentral

Ullensvang frivilligsentral er ein kommunal eigd frivilligsentral etablert i 2013. Frivilligsentralen skal fyrst og fremst vera med å skape gode møteplassar i nærmiljøet.

 

Frivilligsentralen er kort sagt ein møteplass som formidlar kontakt mellom folk i lokalmiljøet – nokon treng hjelp og andre ynskjer å hjelpa.

 

Ullensvang frivilligsentral har følgjande aktivitetar du kan ta del i:

  • Språkkafé
  • Strikkekafé – «Strikk med integrerte masker»
  • Datakafé
  • Senior sykling
  • Leksehjelp

 

Informasjon om dei ulike aktivitetane finn du her på heimesida – sjå under «NYASTE INNLEGG» til venstre  🙂

 

Ynskjer du kontakt med Frivilligsentralen? Ta kontakt med leiar Sigrid D. Dagestad:

Datakafé på Kinsarvik bibliotek

Treng du litt hjelp med tekniske duppedittar?

 

Stad: Kinsarvik bibliotek

Dato: 25. september 2017

Tid: kl. 14.30 – 16.00

Påmelding innan 20.09.17 til:

 

Meir info også på biblioteket sine heimesider:

Datakafè

 

På biblioteket vert det fem kurs i grunnleggande datakunnskap i haust. Me vil gå gjennom grunnleggande ting som kan gjere det mykje lettare å forstå og bruka PC. Det blir workshop kor du kan få hjelp med problema du kanskje har, eller ting du ikkje forstår. Kursopplegget blir lagt opp til kursdeltakaranes nivå og derfor blir tema satt opp etter ønske og behov.

Ta med deg data, nettbrett eller telefon!

 

Eit samarbeid mellom: Kinsarvik pensjonistlag, Kinsarvik bibliotek og Ullensvang frivilligsentral

 

Senior sykling

Oppstart 25. september 2017

Stad: Tunvoll trimstove – Lofthus

Tid: Måndagar (to grupper)

Gruppe1 – kl. 10.30

Gruppe 2 – kl. 11.15

Kostnad med instruktør: kr. 50,-

Påmelding: Ingen, berre møt fram!

 

Er dette noko for deg?

Møt opp og vær med!

Etter trening er det sosial samling på Kompaen.

 

Har du spørsmål?

Ansvarleg for spinning: Liv Helleland, mob: 97 14 12 00

Frivillig– og folkehelse: Sigrid Dagestad, tlf: 53 67 15 46

 

Leksehjelp

Frivilligsentralen er på jakt etter frivillige som ynskjer å bidra som «leksehjelparar» for dei einslege mindreårige flyktningane busett i heradet.

 

Er dette noko for deg?

 

Leksehjelpa er tysdagar kl. 12.30 til kl. 14.00 (føl skuleruta) og er i  vaksenopplæringa sine lokal på asylmottaket/innvandrarsenteret.  Flyktningtenesta ved Linn Hege Bua (lærar) er tilstade med elevane, men kunne gjerne tenke seg å ha 1 – 2 frivillige med som «leksehjelparar». Det er ikkje avanserte lekser dei treng hjelp til – alle kan melde seg om dei tenker dette er noko for dei.

 

Har du lyst å bidra som frivillig? Gi meg ei tilbakemelding på sdag@ullensvang.herad.no eller mob: 476 14 476. Du vel sjølv om du kan stille 1 tysdag per månad, 2, 3 eller 4…….. Du står fritt til å hjelpa når det passer deg og vi er glad for den hjelpa du kan bidra med!