Oppstart SENIOR SYKLING

Bilde oppdatert plakat

SENIOR SYKLING starta opp att måndag 09. januar 2017!

 

Seniorsyklinga måndagar har no så mange deltakarar at treninga er delt i to grupper. Fyrste gruppa startar trening kl. 10.30, medan andre gruppa startar opp ca. kl. 11.15. Har du vore med på seniorsykling i år – veit du kva gruppe du høyrer til.

 

Er du ny eller det er ei stund sidan du har delteke er det berre å møte opp på  treningstidspunktet som passar best for deg. Begge gruppene har ledige plassar!

 

Stad: Tunvoll trimstove – Lofthus

Kostnad: kr. 50,-

Påmelding: Ingen, berre møt fram!

 

Etter trening er det samling på Mix kiosken!

Leiar takkar for seg!

Så er tida mi som leiar av Frivilligsentralen i Ullensvang over.

 

Takk til alle som bidrar og gjer ein innsats! Eg har møtt utruleg mange positive og spennande menneske i denne jobben!

 

Ny leiar er endå ikkje på plass, men eg håpar det kjem ein person snart! Dersom du har spørsmål om noko kan du fram til vi veit kven som tar over stillinga ta kontakt med styreleiar; Sigrid D. Dagestad på tlf. 53 67 15 46, eller senda ei melding på  facebook – sida til Frivilligsentralen.

Aktivitetar som er godt etablert vil fortsette utover hausten med god hjelp av frivillge, så følg med på heimesidene våre og Facebook!

 

Mvh Gertrud Korff