Referat etter årsmøte 2016

Frivilligsentralen årsmøte 2016

 

  1. Årsmelding 2015.

Gjennomgåing av årsmelding med hovudvekt på aktivitetar og samarbeid i 2015.

Det blei peika på at det er viktig at frivilligsentralen er for heile heradet og politikarane oppfordra til å engasjere seg på vestsida av fjorden og på Djønno og.

Leiar av frivilligsentralen tok opp ønskje om anna lokalisering som er meir sentral. Til dømes i den nye Fjordahallen.

 

  1. Informasjon frå ope brukarmøte 10.02.2016.

Referert frå møte som var og val av representantar til styre frå dei frivillige.

 

  1. Val og konstituering av styret.

Heradet sine representantar med personleg vara:

Kari Skare Storhei – Pleie og omsorg (Vara: Kåre Grønsnes – politikar)

Erika Alnæs – Biblioteksjef (Vara: Samson Hamre – politikar)

Sigrid Dagestad – Folkehelsekoordinator (Vara: Muayad A. Mohammed – prog.rådg. flyktningtenesta)

Frivillige sine representantar med personleg vara:

Kåre Ystanes – Kinsarvik pensjonistlag (Vara: Ingvild Hauso – 550)

Marta Soldal- Frivillig (Vara: Tone Granås – Frivillig)

 

Sigrid Dagestad tar over som styreleiar og Kåre Ystanes fortsett som nestleiar.

 

  1. Aktivitetar og planar for 2016.

Dei aktivitetane ein har i dag vil fortsetje med og vidareutvikla.

Leiar av frivilligsentralen ser for seg eit fokus framover på integrering, noko ein kan sjå igjen i samansettinga av det nye styret. Ein tenker mellom anna tettare samarbeid framover med biblioteket og flyktningtenesta.

 

Andre samarbeidspartar kan vere folkehelse, asylmottak, vaksenopplæringa, NAV og frivillige organisasjonar.

 

Ein tenkjer å starte opp med språkkafé`, “lån ein fjording” og flyktningven. Vidare vil ein laga ein “frivilligbank” der ein freistar å kartlegge, rekruttera og systematisere frivillige slik at ein kan nytte dei aktivt ved behov.

 

Politikarene nemnde på at dei ville utfordra representantane i kommunestyret til å melde seg til frivillig arbeid, til dømes “lån ein fjording”. Det kunne og bli aktuelt å invitera frivilligsentralen til eit kommunestyremøte for å gje informasjon om kva frivilligsentralen er og kva aktivitetar ein har.

 

Det er ei 50 % stilling knytt til frivilligsentralen og mange oppgåver ein kan byrja med, så det er ei utfordring og prioritera slik at ein får utnytta resursane best mogeleg. Ein ser for seg eit nytt engasjert styre og vonar at arbeidet framover vil generera fleire resursar og fleire aktivitetar.

 

Referent: Gertrud Korff, leiar av frivilligsentralen