Referat etter Ope møte for frivillige

IMG_1977

Referat etter –

Ope møte frivilligsentralen 10.februar 2016 i kantina i heradshuset

 

Referent: Gertrud Korff

 

16 personar møtte med styreleiar og leiar.

 

Styreleiar Liv Helleland ønska velkomen.

 

Leiar Gertrud Korff delte ut årsmeldinga og gjekk gjennom denne med vekt på kva aktivitetar ein hadde i 2015.

 

Det kom gode innspel undervegs som og gjekk inn i meiningsutveksling om kva ein tenkte kunne vera gode aktivitetar og fokus for frivilligsentralen framover. Mykje av dette fokuset handla om integrering av flyktningar i Ullensvang.

 

Det blei delt ut registreringsskjema for frivillige og gått igjennom kva som var meint med dei ymse kryssboksane på skjemaet – sjå vedlegg. Fleire fylte ut skjema og leverte det inn til leiar med kva dei kunne tenkje seg å stille opp med som frivillig.

 

Fleire av dei frammøtte var flyktningar som ikkje kunne så mykje norsk. For at ein skulle få meir tid til å forklara kva dei forskjellige punkta var meint som blei det gjort avtale om at Gertrud skulle komme opp på flyktningtenesta og informera dagen etter.

 

Det vart valt nye frivillige representantar til styret:

  • Kåre Ystanes – vara Ingvild Hauso
  • Marta Soldal – vara Tone Granås

 

Til slutt gjorde Torbjørn Reisæter ei oppsummering frå møtet og takka avtroppande leiar Liv Helleland for innsatsen dei 2 åra ho har vert styreleiar.