Ullensvang Frivillig Sentral

Årsmelding 2014

Årsmelding Ullensvang frivilligsentral 2014

Ullensvang frivilligsentral er eigd av og er for heile heradet. Møteplassar og aktivitetar vert sett i verk i samarbeid med lokale frivillige, lag og organisasjonar og offentlige etatar. Dagleg leier i 50 % stilling er Jorunn Sekse. Frivilligsentralen er leia av eit styre på fem medlemmer som er valt for to år. Tre medlemmer frå eigar og to medlemmer frå lag/organisasjonar. Alle styremedlemmer har ein personleg vara. Dagleg leiar er sekretær for styret.

Representantar frå heradsstyret:                Personlege vararepresentantar:

Bodil Moss                                                   Kari Herstad
Kåre Ystanes                                                Isak Reisæter
Gard Hjørnevik Risan                                    Gunnhild Jaastad

Representantar frå det frivillige:                 Personleg vararepresentant / frivillige:

Liv Helleland                                                 Tore Bergum
Ina Labruyere                                               Gudrun Halland

Styret har hatt tre møter i 2014.
Ullensvang frivilligsentral sitt fyrste årsmøtet var den 24. mars 2014.

Årsmøtet det øvste organet i sentralen. Dersom ein kommune er eigar, kan kommunestyret eller eit kommunalt utval setjast som årsmøte. Ullensvang heradsstyre har delegert denne oppgåva til formannskapet. Når formannskapet fungerer som årsmøte må det tre ut av si opphavlege rolle og «settast som årsmøte». Årsmøtet skal føretar val av styre, godkjenner budsjett, regnskap, årsrapport og vedtekter, samt føre tilsyn og kontroll med styrets verksemd. Ein skriv protokoll frå årsmøtet. Styret har ikkje stemmerett under behandlinga av regnskap og årsrapport.

Oppsummering 2014
Det fyrste året for Ullensvang Frivilligsentral har vore eit godt og innhaldsrikt år. Det vore prøving og feiling som og har gitt nyttige erfaringar. Me har fått til ein del aktivitetar og er kome godt i gang med samarbeid med frivillige. Frivillig arbeid er “modningsarbeid”. Det tar tid å komme i gong og få med frivillige i ulike aktivitetar. Folk vil gjerne sjå kor det fungerer før dei engasjerer seg, Det er viktig å ha fleire og spele på for å få i gang aktivitet og tiltak, og samarbeidet med ulike etatar og fagpersonar er og bra. Erfaring så langt er at haustens aktivitets planen var for ambisiøs. Dei ulike tiltaka krev ein del arbeid. Styret og leiar er einige om at ein fortsett med det som fungerer å bygger vidare på det. Tiltak ein set i gang må gjerast skikkeleg. Det er betre med få gode enn mange “halv gode” tiltak.

Som leiar ser eg eit stort utvikliningspotensiale i frivillig arbeid. Eit eksempel er besøksteneste som og kan være eit nyttig bidrag i “Kvardagsrehabilitering”. Det er og viktig å tenke på både eldre og yngre som målgrupper. Samarbeidspartar som psykisk helse, pleie og omsorg (PLO), og innvandrarsenteret er viktige, men og andre etatar er aktuelle.  Faste møter med samarbeidspartar bør planleggast i kalander. Sentralen bør og arbeide mot å verte eit naturlig møtepunkt for enkeltpersoner som kan stikke innom for ein kopp kaffi og sosialt lag saman med andre. Dette kan være er personer som gjerne ikkje deltar i andre frivillige lag eller sosiale samlingar som:  langtidssjukemeldte, innflyttarar og flyktningar. På grunn av plassering er det meste av aktiviteten i Kinsarvik. Det er og ynskjeleg å være meir aktiv i andre deler av heradet.

Frivillige:
Innmeldt som frivillige:

Vestsida – 11 frivillig som har meldt seg.
Austsida – ca.43 frivillige som har meldt seg.
Fleire andre er med på tiltak som “integreringskafe.” Lions Ullensvang har 12 medlemmer som køyrer ut middag kvar måndag.

Nokre frivillige har trekt seg igjen, pause.
Ein kan få attest på å delta i Frivillig arbeid. Dette er spesielt gunstig for ungdomar å ha på CV.

Oppfylging av frivillige:
Leiar har samtalar med frivillige – teieplikt skal underskrivas.

Alle frivillige fekk i 2014 helsing iform av brev, takk for frivillig innsats og julehelsing. Andre aktørar som trimstova og Mix kiosken fekk og helsing.

 

Informasjon:

Det å nå ut til innbyggarar med informasjon er ei utfordring. Det er nok ikkje så mange som nyttar internett og dermed får informasjon om sentralen der. Forslag frå styret om å annonsere i “Helg i Hardanger”, den leser mange eldre og heradet har fri spalteplass.  Elles brukar me og Ullensvang herad informerer. Å møte opp og informere direkte i frivillige lag /organisasjonar er bra. Liv Helleland var i pensjonistlag og informerte om seniorsykling, mange påmeldt etter det. Leiar har og vore rundt i ulike lag/organisasjonar men det bør nok gjentakas.

 

Nettverk av frivillig sentralar i Hardanger er etablert: Kvam, Ulvik, Voss, Odda, Ullensvang og Jondal. Neste møte der er 23. februar her hos oss. Eidfjord søkjer om frivilligsentral.
Administrativt / møte og informasjon med aktuelle samarbeidspartar:

      • Heimesida til frivilligsentralen er nylig oppdatert. Den 15. desember 2014 gjennomførte Norges frivilligsentral gjennomgang av alle heimesider.
      • Fullført oppdatering av lister på frivillige lag- og organisasjonar til heradet si heimeside.
      • Laga brosjyrar og plakatar /oppslag på aktivitetar fortløpande.
      • Delt ut Ullensvang frivilligsentral sin brosjyrar til dei fleste husstandar i heradet.
      • Annonsert aktuelle aktivitetar på “Heradet informerer” i Hardanger Folkeblad, heradet si heimesida og sentralen si facebook side..
      • Deltatt på møter med ulike samarbeids etatar i heradet.
      • Samtalar og kontakt med frivillige fortløpande.
      • Laga informasjonsbrev og teieplikterklæring til alle som har meldt seg som frivillig.
      • Samarbeidsmøte med fagpersonar ved Bråvolltunet og  Lions klubb Ullensvangom matombringing og besøksteneste.
      • Er faste møte med folkehelsekoordinator ein gong i veka.
      • Hospitert ved Grannehjelpa Frivillig sentral i Kvam herad, Ulvik og Odda Frivillig sentral.
      • Var med på møte/kursdag hjå Grannehjelpa i Kvam.
      • Nettverksmøte for Frivillig sentralar i saman med Voss, Kvam mm. Nytt nettverk her etablert mellom: Ulvik, Kvam, Odda, Ullensvang og Voss frivilligsentraler. August 2014
      • Nettverksmøte i Hordaland Frivillig sentralar april 2014.
      • Nettverksmøte regionalt i Stavanger, oktober 2014. Styreleiar deltok og der.
      • Er heradets sin lærings og meistringskontakt (Tenesteavtale 2 Helse Fonna)
      • Var med som kursleiar på Bra Mat kurs i regi av prosjektet ”Kvardagsrehabilitering”.
      • Skrifteleg hen vending til rektorar ved ungdomsskulane med ynskje om å informere om frivilligsentralen (ikkje svar ).
      • Teknisk etat i heradet, spørsmål om «ung i arbeid», sommarjobb/oppgåver for ungdom. Sendt generell hen vending til aktuelle samarbeidspartar, (ikkje svar).
      • Med på datakurs/kafe` for eldre, aust og vestsida i samarbeid med biblioteket.
      • Pleie og omsorg aust og vestsida.
      • Innvandrarsenteret og flyktningtenesta
      • Psykisk helse teneste
      • NAV
      • Biblioteket
      • Fysioterapi ved Tunvoll
      • Legekontora aust og vest
      • Lions klubb Ullensvang
      • Kinsarvik og Børve/ Sekse pensjonistlag
      • Grimo Bygdekvinnelag
      • Grimo kafé, samling for pensjonistane i grenda der. Møte med dagleg leiar angåande aktiviteter
      • Ullensvang helselag
      •  Vikebygdkrinsen på Nå i april 2014.
      • Styreleiar har delteke på møte i Kinsarvik og Lofthus pensjonistlag og informert om seniorsykling mm.

Aktivitetar:
Turgruppe: Starta dette opp våren 2014. Fast klokkeslett med oppmøte i Kinsarvik. Det var få som møtte og me valde å avslutte denne

Strikk med integrerte masker: Her møter i gjennomsnitt 14 stk. kvar gong. I gjennomsnitt med 4-6 frå innvandrarsenteret. Gruppa fungerer fint og hadde tre samlingar med juleverkstad dei siste tysdagane før jul. I mai var det tur saman med Kinsarvik bygdekvinnelag, og i desember tur til julemessa på Lofthus. Tiltaket fekk 20 000 i integreringstilskot i vår. Det er kjøpt inn ein del utstyr, mat og brukt til turar.

Matombringing: Lions køyrer ut middag frå Bråvolltunet kvar måndag og fortsetter med dette i 2015. Dei har sjølv laga køyreliste for våren 2015. Er det behov bytter dei innbyrdes. Det er 12 medlemmer som deltar. Dei eldre setter stor pris på at det kjem andre enn dei frå PLO med mat, dei vil gjerne prate. På måndagar kan heimesjukepleien då bruke meir tid på den enkelte dei er hos. Vinn- vinn dette.

 

Datakafe`: Dette er biblioteket og Kinsarvik eldrelag som “eig”. Sentralen bidrar med å skaffe frivillige hjelparar. I vår var det kurs, på Odda frivilligsentral, og bra oppmøte på data kafeane på begge fjordsider. 40 stk. påmeldt. Tilbakemelding på at det var for mange så oppfylginga til den enkelte på datakafe` ikkje vart bra nok. I haust var det og kurs men færre møtte.  På datakafeen på vestsida har det møtt folk kvar gong og ein frivillig har stilt opp alle gonger. På austsida har nesten ingen møtt. Biblioteket vurderer å sette opp nytt kurs over jul og invitere breiare til data kafé. Styret foreslo eit påbyggingskurs og laga eit spørjeskjema om ynskjer og behov for oppfylging. Leiar tar dette vidare til bibliotekar Erika Ælnes. Det er frivillige som kan være med på data kafé vidare.

 

Lunsj: Det er bebuarar ved innvandrarsenteret, busett innvandrarar og ei pensjonert kokke som har laga lunsj ved frivilligsentralen. Me har hatt dette ca. ein gong i månaden. Plakatar og informasjon i nærmiljøet om tilbodet. Dette går rundt av seg sjølv økonomisk med at me tar pengar for lunsjen. Sosialt og positivt tiltak der igjennomsnitt 15 stk. møter til Lunsj treff.

Seniorsykling: starta opp i oktober og er kvar måndag på Tunvoll trimstove, Trim og sosialt – ein suksess. I alt er 32 påmeldt og det er to grupper. Ein kan bruke apparat i treningssenteret mens ein ventar på tur. Treff på Mix kafeen etter trening. Der var det og juleavslutning for sykkelgruppa med julemat. Ca 20 møtte då og instruktørane fekk helsing og blom som takk frå frivilligsentralen. Det er deltakerar frå Espe til Kinsarvik. Plan for våren 2015 er klar.

 

Besøkstjeneste: Røde kors besøkstjeneste Kinsarvik, og Ullensvang frivilligsentral har arrangert 2 kurs i besøkstjeneste. 22 september i Kinsarvik og 29. september på Utne. Frivillig koordinator i Hordaland Røde kors var kursleiar. Sjukepleier innan demensomsorg i Ullensvang, hadde innlegg om kommunikasjon til demente. Til saman deltok 24 stk. på kurset. Etter kursa i besøksteneste har frivillig sentralen samarbeida med PLO på aust og vestsida. Alle som mottar tenester frå PLO har fått tilbod om besøksven. Det er nå 6 stk. som har takka ja. Stoda i desember er at me har for få besøksvener. Besøksteneste er eit større tiltak som krev oppfylging. Forslag frå styret at me har kurs i fyrstehjelp for besøksvener i 2015.

 

Senior styrketrening på vestsida: I samarbeid med sjukepleier i psykisk helse, og Stein Aarekol ved Grimo treningssenter, prøvde me å få til styrketrening på torsdagar. Tanken var og å lage samling/være tilgjengelig i kafeen der etter trening. Eit treffpunkt på vestsida for frivilligsentralen. Dessverre var det lite oppmøte så tiltaket er lagt på is. Elles er det tilbod der for seniorar i styrketrening på måndagar, og på Utne er det seniordans på onsdagar.

 

Graut kafé på Nå:
Bygdekvinner får Aga/Nå har laga graut kafé tre laurdagar i haust på biblioteket på Aakre. Målgruppa var dei over 65 /60 år Dei hentar og bringer dei som ynskjer det. Det er og mogeleg å låne bøker. Eit flott tiltak. Evaluering av dette var god stemning og mykje prat. Besøkstalet gjekk ned og dei vurderer om dette skal fortsette. Frivilligsentralen har kontakt med dei og me møtes i vår for å eventuelt sjå på andre tiltak.

 

Matpakkelaging: I saman med Grimo bygdekvinnelag hadde med matpakkelaging med 1 og 2 kl. på Hauso skule. Helsestasjonen sponsa med matboksar og Isklar gav drikkeflasker. Positivt samarbeidstiltak.

 

Seniorturar til Hordatun / Utne fruktlager: Me har prøvd å arrangere dagsturar med tema og matøkt. Her har me ikkje lykkast me å få ut bra nok informasjon. Det var for få påmeldt til at turane vart arrangert. Styret ynskje at me prøver igjen med turar i 2015.

Besøk med hund på Bråvolltunet: Ein hadde med seg hund og besøkte demensavdelinga på Bråvolltunet. Gjorde dette tre gonger i mai/juni.

Finansiering/økonomi:

Ullensvang Frivilligsentral er organisert under Helse og Velferd. Deler av stillinga betalas av kulturdepartementet.  Sentralen har ikkje pengar til drift utanom leiarstillinga.

Søknad om statsmidlar for 2015 vart sendt til KUD innan 30. juni 2014. det var med rapportering på aktivitet, målsetjing og budsjett. Styret anbefaler å søkje om utvida stilling frå neste periode. Dette må eventuelt gjerast om våren, samtidig som ein søkjer kulturdepartementet om det årleg tilskot til sentralen. Frivilligsentralen sitt årsmøte må godkjenne dette, vidare heradstyret   /rådmann. Rammene for tilskotet blir fastsett i statsbudsjettet.

«Statstilskotet skal brukast til å dekkje delar av lønnskostnadene til den daglege leiaren.

Maksimalt tilskot krev at den daglege leiaren er tilsett i 100 prosent stilling, og at det er minst 40 prosent lokal finansiering av drifta. Statstilskotet skal ikkje brukast til driftstøtte til den ordinære aktiviteten i organisasjonar. Dersom rekneskap og rapport ikkje ligg føre innan den vedtekne fristen, kan sentralen miste statstilskotet for kommande år.»

Vedteke: 23.september 2005 (revidert 28. januar 2010)

Økonomi til tiltak:
Det er ikkje økonomi til tiltak/aktivitet. Eks. Lunsj vart betalt av dei som kjem. «Skal gå rundt av seg sjølv». Der var det 100 kr i differanse.

Styret opp fordrar å søkje heradet om ein pott til drift. Det er lettare å få til aktivitet/tiltak om ein har noko å starte med. Leiar gjer dette i 2015. Samtidig vil me søke på aktuelle tilskot. Pensjonistlaget i Kinsarvik vil søkje støtte for aktivitetar i sentralen til sparebank stiftinga i 2015. Tips:

  • Søkje Lions Ullensvang om støtte til enkelttiltak.
  • Oppfordre eldre til å søke om TT kort til transport. ( Er behovs prøvd)
  • Søke den kulturelle spaserstokk om midlar.
  • Gratiskonserter av lokale lag/ musikkskule.
  • Lotteri var og forslag.

Søkt om prosjekt midlar: I 2014 har ein søkt fire ulike eksterne om støtte.

Til seniortreff:

  1. Helsedirektoratet                                                        kr.  203 000  – avslag. Søkt og 2015.

2.   Danske bank                                                               kr.     50 000 – avslag.

3.   Gjensidigestiftelsen                                                      kr.     56 000 – avslag.

Hordaland fylkeskommune: “Strikk med integrerte masker”:     kr.     60 000 –tildelt     kr. 20 000.

 

Aktivitet 2014 Dato frå/ hyppigheit Gjennomsnitt oppmøte møte Personar som har deltatt på aktivitetar.
Seniorsykling Frå 20 okt. 9 gonger før jul. 22 – 24 Ca 220
Strikk med integrerte masker Frå 11. mars – 16.des 14 gj.snitt 222 frivillige

98 innvandrarsenteret

Gå turar Mars 2014 – mai 2014 10 – 0 15
Lunsjtreff 13 mars 13 82
Datakafe` 6 mars- Vår: 15 – 5 –          registret
Besøkstenestekurs Sept.22,29. 24 deltok 24
Besøksteneste November Aust: 3 som får

2 utsett

2 på vent

Vest: 3 som får

1 på vent

Matombringing Mars 12 frivillige
Matpakkelaging November 1 frivillig 1,2 kl Hauso skule
Graut kafe Haust 6 frivillige 21

 

Aktivitetsplan 2015 – forsette med dei aktivitetane me har. påbyggingskurs data

  • Fyrstehjelpskurs til besøksvener.
  • Tur: evt. ein vår og ein haust.
  • Er open for andre ting om det er overkommelig. Leiar setter opp forslag til plan.

Ullensvang frivilligsentral vil med dette takke alle som har deltatt i aktivitetar i regi av sentralen. Tusen takk til kvar og ein som har bidrege og dermed gjer det mogeleg å arrangere ulike aktivitetar og tiltak. Me ser fram til fortsatt godt samarbeid i 2015.  

www.facebook.com/ullensvangfrivilligsentral

www.ullensvang.frivilligsentral.no

For styret i Ullensvang frivilligsentral:

…………………….              ——————-
Daglig leiar                     Styreleiar

Jorunn Sekse                   Liv Helleland

 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *